Avdelingsleiar maritime fag
Møre og Romsdal fylkeskommune, Herøy vgs [heroy]
Lisjebøvegen 4, 6091 Fosnavåg
Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Avdelingsleiar maritime fag
Herøy vidaregåande skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 1. januar 2027 når ein av våre medarbeidarar går av med pensjon. Avdelingsleiaren vil få ansvar for programområda Maritime fag, Naturbruk og Fiske og Fangst. Andre oppgåver som er lagt til stillinga er KS-ansvarleg og å vere koordinator for skulen sitt systematiske HMS-arbeid.
Som avdelingsleiar inngår du i rektor si leiargruppe. Du vil ha personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar og vere ansvarleg for avdelinga si faglege utvikling. Du har ein åpen, inkluderande og samarbeidande leiarstil, er oppteken av å skape godt læringsmiljø og gode læringsresultat for skolen sine elevar, og du kan stille deg bak skolen si pedagogiske plattform.
Arbeidsoppgåver
- Avdelingsleiar for programområda Maritime fag og Fiske og fangst.
- Personalansvar for eiga avdeling.
- HMS-koordinator.
- Kvalitetsleiar.
- Skoleadministrative oppgåver.
- Vikararbeid.
- Skoleårsplanlegging i samarbeid med øvrig leiargruppe.
- Oppgåver knytt til økonomistyring og løn.
Krav
- Du må ha høgare relevant utdanning.
- Du må ha leiarerfaring, og leiarutdanning er ønskeleg.
- Du må ha erfaring frå maritim sektor eller fiskerifagleg kompetanse.
- Du må ha erfaring med HMS- og kvalitetsarbeid.
- Det er ønskeleg med erfaring eller kjennskap til vidaregåande opplæring.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level