Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Kommunikasjonsrådgjevar
Universitetet i Stavanger har ledig eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen. Vi ønskjer oppstart så snart som mogleg. Vikariatet varer til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer ein serviceinnstilt kommunikasjonsrådgjevar som vil vere med på å løfte fram studietilboda innan teknisk-naturvitskaplege fag og inspirere studentar. Du får ei sentral rolle i arbeidet med innhald og kommunikasjon i ulike kanalar, retta mot potensielle studentar og andre relevante målgrupper.
Hovudoppgåver
- Profilere og marknadsføre utdanningane ved fakultetet.
- Planleggje og gjennomføre kommunikasjons- og rekrutteringsaktivitetar.
- Utvikle og produsere innhald til nettsider og andre digitale kanalar.
- Identifisere gode historier og aktuelle saker, og bidra med innsalg til media.
- Samarbeide med studentorganisasjonar og linjeforeiningar om rekruttering og kommunikasjon.
- Ha kommunikasjonsansvar i samband med mellom anna semesterstart og open dag.
- Bidra i nasjonale og internasjonale rekrutteringsaktivitetar.
- Følgje opp og vurdere effekten av kommunikasjons- og marknadsføringstiltak.
- Ta bilete og produsere enkelt visuelt innhald ved behov.
Krav
- Du må ha høgare utdanning innan kommunikasjon, marknadsføring eller journalistikk, fortrinnsvis på masternivå.
- Du må ha relevant erfaring med kommunikasjons- og/eller marknadsføringsarbeid.
- Du må ha erfaring med bruk av relevante IT-verktøy og innsikt i strategisk bruk av sosiale medium.
- Du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (begge målformer) og engelsk.
Ferdigheter
KommunikasjonMarknadsføringInnholdsproduksjonSosiale medierPressearbeidVisuell innholdsproduksjonDigital kommunikasjon
Lønn
550.000 - 650.000 NOK per år
Erfaring
mid-level