Ferdig med LIS1? Spesialiser deg hos oss!
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund
Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Ferdig med LIS1? Spesialiser deg hos oss!
Har du vurdert å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri? BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0–18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
- Delta i vaktordning for legar.
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med overleger, LIS-legar, pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Her får du tett oppfølging og brei erfaring frå eit fagfelt som kombinerer medisin, psykologi og familiearbeid.
Andre gode grunnar:
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
- Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus.
- Kompetanseheving og spesialiseringsløp.
Krav
- Du må ha dokumentert norsk autorisasjon som lege.
- Du må ha gjennomført LIS1 ved oppstart av stillinga.
- Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar for forsvarleg pasientbehandling.
- Du må like å jobbe med barn, ungdom og føresette.
- Du må ha pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap.
Ferdigheter
Barne- og ungdomspsykiatriDiagnostiseringPasientbehandlingTverrfagleg samarbeidKlinisk utgreiingRettleiing og undervisning
Erfaring
junior