Autosøk

Vil du bidra til at fleire får moglegheit til å delta i arbeidslivet?

Seniorrådgivar // Nav Bergen sentrum

Møllendalsveien 8, 5020 Bergen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Vil du bidra til at fleire får moglegheit til å delta i arbeidslivet?

Vi søkjer to engasjerte og løysingsorientert seniorrådgivarar som vil bli med på å styrke arbeidsinkluderinga i Bergensregionen.

Hos oss får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av Nav sine tenester retta mot arbeidsgivarar. Gjennom aktiv kontakt med verksemder skal du bygge sterke relasjonar i næringslivet, løyse rekrutteringsoppdrag og bidra til at fleire arbeidssøkarar kjem i jobb. Du vil fungere som eit bindeledd mellom Nav og arbeidslivet og vere ein viktig samarbeidspartnar for både arbeidsgivarar og kollegaer i Nav-kontora i regionen.

I rolla vil du òg representere Nav på ulike møteplassar og arrangement, dele arbeidsmarknadskompetanse internt og bidra til å styrke Nav si rolle som ein synleg og attraktiv samarbeidspartnar for arbeidsgivarar.

I avdeling for arbeidsinkludering og kvalifisering blir du ein del av eit lag med 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar. Saman arbeider vi kvar dag for å gi jobbsøkarar nye moglegheiter i arbeidslivet gjennom inkludering, kvalifisering og samarbeid med arbeidsgivarar i tråd med behova i arbeidsmarknaden.

Kva går jobben ut på?

  • Etablere og styrke relasjonar til arbeidsgivarar og bidra til gode og likeverdige tenester i regionen
  • Skape og utvikle samarbeid med arbeidsgivarar for å fremme inkludering av arbeidssøkarar frå Nav sine prioriterte målgrupper
  • Bistå arbeidsgivarar med å løyse rekrutteringsoppdrag ved å kople aktuelle kandidatar til ledige stillingar
  • Representere Nav i eksterne forum, i møte med næringslivet og mot andre samarbeidspartnarar
  • Planlegge og delta på møteplassar for arbeidsgivarar og arbeidssøkarar, som til dømes rekrutteringstreff og jobbmesser
  • Vere ein ressursperson og bidra til auka arbeidsmarknadskompetanse internt i Nav-kontora

Krav

  • Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan fagområde som marknadsføring, HR, økonomi og administrasjon eller samfunnsfag.
  • Du må ha erfaring frå arbeid med arbeidsinkludering, rekruttering eller bemanning.
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå samarbeid med næringslivet og forståing for arbeidsgivarar sine behov knytt til bemanning.
  • Det er ønskeleg med erfaring med utoverretta kommunikasjon og representasjon.
  • Det er ønskeleg med god kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenestetilbod.

Ferdigheter

ArbeidsinkluderingRekrutteringRelasjonsbyggingNettverksbyggingKommunikasjonBemanningMarknadsorientering

Lønn

694 000 - 750 000 NOK per år

Erfaring

senior

Lignende jobber