Autosøk
Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF logo

Psykolog

Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?

Ein jobb som behandlar i BUP gir deg kvar einaste dag høve til å gjere ein meiningsfull skilnad. Vi legg til rette for di faglege utvikling og tilbyr kurs, og høve for spesialisering. Vi oppmodar til innovative tilnærmingar for å betre tenestene våre, og arbeider aktivt med nye behandlingsmetodar og oppgåvegliding.

Om avdelinga

I Psykisk helsevern for barn og unge i Møre og Romsdal har vi eit levande forskingsmiljø, og fleire pågåande innovasjonsprosjekt. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av pasientar i alderen 6-18 år
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
  • Samarbeid internt og eksternt

Krav

  • Du må ha norsk autorisasjon som psykolog eller lisens.
  • Du bør ha erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge.
  • Du må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
  • Du må ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • Du må ha stor arbeidskapasitet og struktur på eigen arbeidskvardag.
  • Du må kunne leggje fram politiattest før tilsetting.

Ferdigheter

Psykologisk utgreiingBehandling av barn og ungeTverrfagleg samarbeidRettleiing og undervisningSystematisk arbeidsmetodikkKlinisk vurdering

Erfaring

mid-level

Lignende jobber