Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Barnehagelærar 100% fast
Ulvik barnehage ligg på Lekve, ca to km. frå Ulvik sentrum. Her er eit stort og flott uteområde, med tilgang til eit rikt nærmiljø med både natur- og kulturopplevingar.
Barnehagen har fire avdelingar, to småborns- og to storbornsavdelingar, med plass til rundt 60 born tilsaman. Ulvik herad er ein heilskapleg kommune, der barnehagen er ein sentral del av fellesskapet. I barnehagen skal dei yngste innbyggjarane møta ein trygg arena for utvikling, leik og samspel. Me legg stor vekt på høg fagleg kvalitet og jobbar aktivt for at dei tilsette får utvikla og vidareutvikla kompetansen sin.
Ulvik herad har starta bygging av ny barnehage. Hovudsatsing for barnehagen er inkluderande barnehagemiljø og berekraft, samt uteaktivitet og natur som læringsarena. Målet til Ulvik barnehage er også «Ein stad der alle trivst».
Fokusområde: Leik, kropp, rørsle, mat og helse samt kunst, kultur og kreativitet.
Krav
- Du må ha godkjend utdanning som barnehagelærar.
- Du må kunne samarbeida godt i team med andre tilsette.
- Du må ha evne til å kommunisera godt med barn.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og vere utviklingsorientert.
- Du må ha eit positivt barnesyn og god relasjonskompetanse.
Ferdigheter
Lønn
Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar
Erfaring
entry-level