Autosøk
Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vekse logo

Assistent

Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vekse

Berrvellene 36, 6817, Naustdal, 6817 Naustdal

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vekse

Vil du vere med og skape bevegelsesglede og matglede? Trivst du i team fylt med engasjement og leikne kvardagar? Da er det deg vi ser etter!

Naustdal Idrettsbarnehage blir drifta etter Læringsverkstedet sitt idrettskonsept. Vi nytter pedagogisk idrett som metode for å nå måla våre, og vi ønskjer at alle barn skal oppleve bevegelsesglede og matglede i kvardagen. Vi nyttar kroppen aktivt i kvardagen - i leik, læring og utvikling.

Barnehagen består av seks avdelingar med ca. 100 barn, og ligg sentralt i Naustdal. Med fjord, fjell og natur tett på, er moglegheitene gode for turar og friluft.

Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, med pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og eigen kokk.

Som assistent vil du:

  • Sjå til at barnehagen blir drifta i samsvar med Læringsverkstedet sin verdiplattform og kvalitetsstandard.
  • Inngå i gode relasjonar til barn der den vaksne og barnet er likeverdige.
  • Bidra med ei positiv innstilling og pågangsmot.
  • Ha medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid, til dømes samlingsstund, aktivitetar, leik og rutinesituasjonar.
  • Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette.
  • Halde deg fagleg oppdatert.

Krav

  • Du må ha erfaring frå arbeid med menneskjer og/eller liknande stilling.
  • Du må ha eit ønske om å jobbe i ein idrettsbarnehage for å bidra til barn si utvikling.
  • Du må vere ein aktiv vaksen som er til stades saman med barna.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg.
  • Du må kunne framlegge politiattest før tiltreding.
  • Du må vere personleg skikka for stillinga.

Ferdigheter

RelasjonsbyggingOmsorgsevneKommunikasjonSamarbeidsevneLøysningsorientertPedagogisk forståingFysisk aktivitet med barn

Erfaring

entry-level

Lignende jobber