Autosøk
FINN-kode: logo

Bibliotekmedarbeidar 7% - laurdagsstilling (vikariat)

FINN-kode:

Kvernhusmyrane 29, 5914 Isdalstø

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Alver bibliotek har ledig eit vikariat i 7% laurdagsstilling. Arbeidstid er annakvar laurdag kl 10.15-15.30. Det er fint om ein har høve til å arbeide ekstra ved ferieavvikling og sjukdom. Arbeidsstad vil vere Knarvik, Manger eller Frekhaug.

Alver bibliotek er ein attraktiv møteplass for innbyggarane i Alver kommune. Vi har tre avdelingar og ein filial. Det er laurdagsope på Knarvik, Frekhaug og Manger. Det er alltid to tilsette på jobb i Knarvik, medan ein som oftast er åleine på jobb på Frekhaug og Manger.

Arbeidsoppgåver

  • Skranke og anna service til brukarane av biblioteket
  • Litteraturformidling
  • Formidling av digitale tilbod og verktøy
  • Hyllerydding og anna førefallande arbeid
  • Legge til rette for arrangement

Vi tilbyr

  • Ei deltidsstilling der du får sjansen til å lære, arbeide sjølvstendig og yte god service til dei besøkande på biblioteket
  • Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med lov - og avtaleverk
  • Person- og pensjonsordning gjennom KLP

Krav

  • Du må ha fullført vidaregåande utdanning og vere over 18 år.
  • Du bør vere student innan formidling, litteratur, kultur eller mediefag.
  • Du må ha god digital kompetanse.
  • Du må vere sjølvstendig, serviceinnstilt og strukturert.
  • Du må vere løysingsorientert og initiativrik.

Ferdigheter

LitteraturformidlingKundeserviceDigital kompetanseArrangementplanleggingServiceinnstillingSjølvstendig arbeid

Erfaring

entry-level

Lignende jobber