Stipendiat (100 %) i 3 år ved Klinisk institutt 2
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Stipendiat (100 %) i 3 år ved Klinisk institutt 2
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektene “Genetic Foundations of Appetite and Obesity in Early Life” og “Identification of factors affecting early growth to reveal biological mechanisms that may be targeted to prevent later obesity and diabetes” at the Mohn Research Center for Diabetes Precision Medicine (PRECISE-DIA), finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet
Overvekt hos barn er ei aukande global helseutfordring, og det ligg føre sterke bevis for at genetisk disposisjon er ein sentral faktor for individuell sårbarheit i eit stadig meir fedmefremjande miljø. Forskargruppa vår har som mål å avdekkje den genetiske arkitekturen bak vektauke, appetitt og regulering av mettheit frå spedbarnsalder til ungdomstid.
Arbeidsområde
- Identifisere tidlege utviklingsforløp (både genetiske og ikkje-genetiske faktorar) som kjenneteiknar sunn og usunn vekt- og livsutvikling.
- Studere betydninga av både sjeldne genetiske variantar (NGS-data) og vanlege variantar (GWAS) for vekstutvikling og eteatferd.
- Delta i internasjonalt samarbeid innan genetikk i tidleg livsfase.
- Identifisere genetiske effektar som verkar ulikt avhengig av om dei er arva frå mor eller far.
- Delta i tverrfagleg forskingsarbeid i gruppa og ved senteret.
Krav
- Søkjar må ha mastergrad eller tilsvarande innan molekylær genetikk, medisin, genetisk epidemiologi, statistisk genetikk, medisinsk datavitskap eller bioinformatikk.
- Søkjar må dokumentere sterk interesse for prosjektet og analyse av store datamengder.
- Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og samstundes vere motivert for samarbeid med andre.
- Søkjar må ha svært gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk.
- Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Ferdigheter
Lønn
600 000 - 635 000 NOK
Erfaring
junior