Autosøk
Sparebanken Norge logo

Finansiell rådgivar i Stryn

Sparebanken Norge

Tonningsgata 4, 6783 Stryn

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Finansiell rådgivar i Stryn

Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du vil difor kunne påverke og bidra i avgjersler hos oss.

Om kontoret og laget

I Stryn er vi eit energisk og engasjert lag som jobbar tett saman for å skape dei beste kundeopplevingane basert på høg kompetanse, kort responstid og framoverlente rådgivarar. Vi har ei sterk lokal forankring i Nordfjord og er stolte av rolla vi spelar – både for kundane våre og for lokalsamfunnet.

Kva går jobben ut på?

Som finansielle rådgivarar jobbar vi som økonomiske sparringspartnarar for nye og eksisterande kundar. Vi hjelper dei med å byggje ein robust privatøkonomi – i dag og for framtida. Som rådgivar hos oss har du ansvar for din eigen portefølje. Du møter kundane i alle kanalar, men primært gjennom fysiske eller digitale møter eller på telefon.

Kven er du?

Hos oss legg vi stor vekt på å skape gode kundeopplevingar. Vi ser etter deg som er god på å byggje lange relasjonar og som har eit genuint engasjement for privatøkonomi og god kundedialog. Du har høg arbeidsmoral, er engasjert i jobben og trivst godt i ein prestasjonskultur med sterkt fokus på leveransar.

Kva får du hos oss?

Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast – både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet.

Krav

  • Du må vere villig til å bli autorisert i sparing og investering, kreditt, person- og skadeforsikring.
  • Du må ha evne til å byggje gode og langsiktige relasjonar med kundar.
  • Du må vere komfortabel og profesjonell i møte med kundar, både fysisk, digitalt og på telefon.
  • Du må ha høg arbeidsmoral og trivast i ein prestasjonskultur med fokus på leveransar.
  • Du må vere ein lagspelar som set laget først, samtidig som du jobbar målretta mot eigne mål.

Ferdigheter

Finansiell rådgjevingKundebehandlingSalsresultatPrivatøkonomiRelasjonsbyggingKredittvurdering

Erfaring

mid-level

Lignende jobber