Autosøk
Heimetenester logo

Off. godkjent helsefagarbeidar- 50 % stilling på natt

Heimetenester

Anders Hovden-gata 27, 6150 Ørsta

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Off. godkjent helsefagarbeidar - 50 % stilling på natt

Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig 50 % helsefagarbeidarstilling på natt ved heimetenester Bakk-Ola-marka frå 01.10.26.

Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
  • Fokus på førebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Rettleing og opplæring av medarbeidarar
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom e-læring, kurs og fagdagar
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår (offentleg tenestepensjon i KLP)

Krav

  • Du må vere offentleg godkjent helsefagarbeidar eller ha anna relevant helsefagleg utdanning.
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing.

Ferdigheter

Helsefagleg pleie og omsorgDokumentasjon og journalføringDigital kompetanse (fagsystem)VelferdsteknologiSamhandling og kommunikasjonSjølvstendig arbeid

Erfaring

junior

Lignende jobber