Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Vi har ledig 100 % faste stillingar som sjukepleiar med todelt turnus. Du har rom for å påverke arbeidstida di. Stillinga har som utgangspunkt arbeid kvar 3. helg, men du kan velje langvakter kvar 4. I tillegg er det mogleg med langvaktsturnus i vekene.
Radøy Velferdssenter
Velferdssenteret er ein av fem sjukeheimar i Alver Kommune og ligg 2 mil frå Knarvik. Sjukeheimen har plass til 38 pasientar. Sjukeheimen er inndelt i fire grupper, der to av dei er tilpassa for personar med demens. Vi har ei korttidsgruppe med plass til sju pasientar, der tre av dei er for pasienter med behov for palliativ tilnærming. Den største gruppa har plass til 17 pasientar som er somatisk sjuk.
Arbeidsoppgåver
- Gi fagleg forankra pleie og omsorg til våre pasientar og pårørande
- Delta i daglege oppgåver i avdelinga og være ein god rollemodell for kollegaer og studentar
- Ha det sjukepleiarfaglege ansvaret for sjukeheimen på kveld og helg
- Ha legevisitt og påfølgande oppfølgingsarbeid
- Dokumentasjon jfr helsepersonelloven
- Medikamenthandtering og lindrande behandling
- Bidra til godt og tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Fokus på medverknad og utvikling
- Moglegheit for å jobbe bredt fagleg
- Årsturnus
- Sjukepleiarar i Alver kommune ligg over minstelønnsgarantien til KS
- Gode pensjonordninger fra KLP
- Gratis parkering ved arbeidstad
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2-test.
- Du må kunne jobbe strukturert og prioritere oppgåver.
- Du må kunne framvise tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level