Autosøk

2026/03 - Seniorrådgivar (fast stilling) - økonom/kontroller

Derfor vil du trivast hos oss

Møllergata 24, 0179 Oslo

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Seniorrådgivar (fast stilling) - økonom/kontroller

Er du ein allsidig person med erfaring frå økonomi- og prosjektarbeid? Likar du å ligge i forkant av prosessar og sjå moglegheiter der andre ser avgrensingar? Da vil vi høyre frå deg!

Vi er på jakt etter ein strukturert økonom/controller som trivast i ein organisasjon i utvikling. Hos oss vil du arbeide med både controlleroppgåver og andre økonomioppgåver, samt bidra til å utvikle og sikre god styringsinformasjon. Du vil vere ein viktig sparringspartnar og rådgivar for leiarar og kollegaer, og du vil jobbe tett saman med andre tilsette i arbeidet med budsjett, kontraktar, rapportering og økonomioppfølging.

Dette skal du gjere

  • Controlleroppgåver og andre økonomioppgåver
  • Følge opp prosjekter for å sikre fagleg støtte til leiinga og robust prosjektgjennomføring
  • Budsjettering, oppfølging av rekneskap og prognosar, økonomisk analyse og rapportering av resultat
  • Bidra til utvikling og forbetring av system, verktøy og metodar
  • Bidra til å utvikle og sikre god styringsinformasjon for leiing og verksemdstyring

Krav

  • Du må ha relevant økonomifagleg utdanning på masternivå, eller bachelornivå med minimum 5 års relevant erfaring.
  • Du må ha relevant erfaring med controller- og økonomioppgåver.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Du må ha god digital kompetanse, inkludert erfaring med analyseverktøy.
  • Du må kunne arbeide strukturert, analytisk og sjølvgåande.

Ferdigheter

ØkonomistyringController-oppgåverBudsjettering og rapporteringØkonomisk analyseProsjektoppfølgingAnalyseverktøyStatleg økonomiforvalting

Lønn

750 000 - 900 000 NOK

Erfaring

senior

Lignende jobber