Klinikkleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk
Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N
Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Klinikkleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk
Vi søker ein tydeleg og engasjert leiar med gode samarbeidsevner til Kristiansund kompetanseklinikk.
Arbeidsoppgåver
Som klinikkleiar får du ansvar for drift og utvikling av klinikken, med personal-, HMS- og fagansvar. Du skal motivere og leie eit breitt samansett tannhelsefagleg miljø, sikre godt samarbeid internt og eksternt, og bidra til ei framtidsretta tannhelseteneste i tråd med samfunnsoppdraget.
Om klinikken
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum. Klinikken har f.t. 8 tannlegar, 3 tannpleiarar, 6 tannhelsesekretærar og 4 assistentar, samt spesialist i oralkirurgi.
Vi tilbyr
- Gode høve for fagleg utvikling, både odontologisk og innanfor leiing.
- Ny og moderne tannklinikk.
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse.
- Trivelege medarbeidarar.
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP).
Krav
- Du må ha autorisasjon som tannlege.
- Du må ha klinisk erfaring og gode faglege kunnskapar om behandlingsprinsipp og førebygging.
- Du må ha god forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetsutvikling og pasientsikkerheit.
- Det er ønskeleg med relevant leiarerfaring.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha digital kompetanse og tilpassingsevne i møte med nye teknologiske løysingar og arbeidsprosessar.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level