Autosøk

Kolltveit skule

Øygarden kommune Kolltveit skule

Alebakkane 18, 5360 Kolltveit

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om avdelinga:

Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 225 elevar fordelt på 12 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil vest for Straume. Skulen har dei siste åra hatt lesing og elevane sitt læringsmiljø som hovudsatsingsområde, noko vi har bestemt oss for å halda fast ved framover. Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.

Arbeidsoppgåver:

  • Leiaransvar og leiaroppgåver knytt til dagleg drift og utvikling av skulen, inkludert ansvar for vikardrift og oppfølging av vikarar.
  • Delta i skulen sitt leiarteam med eit særleg ansvar for 5.-7. trinn.
  • Leiing av skulen sitt utviklingsarbeid saman med resten av leiarteamet.
  • Koordineringsansvar knytt til elevar med særskilte behov og tilrettelegging utover det ordinære.
  • Samarbeid med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Stillinga er tillagt om lag 40% undervisning.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
  • Interessante utfordringar.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.

Krav

  • Du må ha godkjent undervisningskompetanse for å undervise i grunnskulen.
  • Du må ha erfaring frå undervisning i grunnskulen.
  • Du må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Det er ønskjeleg med leiarerfaring og erfaring med utviklingsarbeid.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med born med særlege behov.

Ferdigheter

SkuleleiingUndervisningUtviklingsarbeidRelasjonsbyggingKommunikasjonSystemforståing

Erfaring

mid-level

Lignende jobber