Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Barne- og ungdomsarbeider, vikariat
Har du eit varmt hjarte for barn, likar dagar med både latter, leik og litt tempo – og veit at eit ledig fang kan vere noko av det viktigaste du tilbyr? Preg Toftøy barnehage søker ein engasjert og omsorgsfull barne- og ungdomsarbeidar til vikariat.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som likar å vere saman med barn og som forstår kor viktig du som vaksen er i kvardagen deira. Du er varm, trygg og omsorgsfull, samtidig som du tek ansvar, ser kva som må gjerast og bidreg aktivt i fellesskapet.
Arbeidsoppgaver
Som barne- og ungdomsarbeidar hos oss vil du vere tett på barna gjennom heile barnehagedagen. Du skal bidra til tryggleik, leik, utvikling og gode relasjonar – både for det enkelte barnet og i fellesskapet.
- Delta aktivt i leik, aktivitetar, turar og kvardagsrutinar.
- Vere ein trygg, varm og tilgjengeleg vaksen som ser og møter det enkelte barnet.
- Støtte barna i å utvikle vennskap, sosial kompetanse og tilhøyrsle i fellesskapet.
- Bidra til språk, undring, læring og utvikling gjennom leik og gode samtalar.
- Planlegge og gjennomføre pedagogiske aktivitetar i samarbeid med resten av personalet.
Vi tilbyr
Hos oss får du ein arbeidsplass der vi ønskjer at både barn og vaksne skal trivast, utvikle seg og kjenne at dei høyrer til. Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø, gode moglegheiter for fagleg utvikling, og ein variert kvardag.
Krav
- Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Du må ha erfaring frå arbeid med barn.
- Du må kunne identifisere deg med barnehagen sitt kristne verdigrunnlag.
- Du må vere leiken, engasjert og til stades saman med barna.
- Du må kunne samarbeide godt med kollegaer og foreldre.
Ferdigheter
Erfaring
junior