Autosøk

Ferdigheter

A. M. Vik AS

Syvdefjordvegen 504, 6140 Syvde

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

A. M. Vik AS har levert solide rørleggartenester i over 60 år. Vi er 11 tilsette og arbeider på heile Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi er medlem av Comfort-kjeda og butikken vår er ein viktig del av verksemda. I tillegg har vi eiga avdeling med kle og kafé.

I samband med sterkare satsing på totalbad og interiørdesign søker vi no etter Baderomsdesignar/butikkselgar.

Er du oppteken av interiør, fargar, materialval og dei nyaste trendane? Likar du å inspirere andre og hjelpe kundar med å finne gode løysingar? Då kan dette vere jobben for deg.

Dette vil du jobbe med

  • Rettleie og inspirere kundar i butikk og utstilling
  • Teikne og planlegge moderne bad og interiørløysingar
  • Utarbeide tilbod og følgje opp kundar
  • Bidra til innhald og profilering i sosiale medium
  • Vere med på å utvikle butikk og utstillingar
  • Skape gode kundeopplevingar frå idé til ferdig prosjekt

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert kvardag
  • Opplæring i designverktøy og produktkunnskap
  • Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar
  • Store moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Moglegheit til å vere med og forme vår vidare satsing på bad og interiør

Krav

  • Du har stor interesse for interiør, form, farge og trendar.
  • Du er energisk, positiv og serviceinnstilt i møte med kundar.
  • Du er kreativ og har eit godt auge for detaljar.
  • Du er trygg på bruk av data og digitale verktøy.
  • Du er strukturert og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver.
  • Du har interesse for sosiale medium og marknadsføring.

Ferdigheter

InteriørdesignButikksalKundebehandlingDigital marknadsføringSosiale mediumDesignverktøyProsjektplanlegging

Erfaring

mid-level

Lignende jobber