Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om avdelinga
Familiehjelpa er eit lågterskeltilbod for barn, unge og familiar som opplever psykiske eller relasjonelle utfordringar. Tenesta arbeider førebyggjande og behandlande, og legg vekt på tidleg innsats og tilgjengeleg hjelp.
Familiehjelpa samarbeider tett med helsestasjon, barnehage, skule og andre kommunale tenester for å gi heilskapleg oppfølging til barn, unge og føresette. Hos oss vil du bli del av eit tverrfagleg fagmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer som arbeider saman for å styrke psykisk helse hos barn og unge i kommunen.
Som kommunepsykolog i Familiehjelpa vert du ein del av eit psykologfellesskap med til saman fire psykologar. Psykologane arbeider tett saman med resten av eininga i det førebyggjande arbeidet retta mot barn og unge i Øygarden.
Arbeidsoppgåver:
- Samtalar og behandling av barn og unge med lette til moderate psykiske vanskar
- Rettleiing og oppfølging av føresette og familiar
- Planlegging og gjennomføring av gruppetilbod for barn, unge eller føresette
- Konsultasjonstid på helsestasjon
- Tverrfagleg samarbeid med skule, barnehage, helsestasjon og andre relevante tenester
- Rettleiing av tilsette frå eigen og andre kommunale tenester
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Krav
- Du må ha norsk psykologautorisasjon.
- Du bør ha erfaring frå arbeid med barn og unge og tverrfagleg samarbeid.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta.
- Erfaring med gruppearbeid er ein fordel.
- Du må ha gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg arbeid.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level