Autosøk

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule

Lerkevegen 2, 5212 Søfteland

Stillingsbeskrivelse

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule

Sted

Lerkevegen 2, 5212 Søfteland

Om jobben

Lagre som favoritt

Stillingstittel

Undervisningsstilling ved Søfteland barneskule skuleåret 2026-2027

Type ansettelse

Vikariat, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Arbeidssted

Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 9. april

Vi søker deg som vil vera med å bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Søfteland barneskule har ledig undervisningsstilling i 100% f.o.m 01.08.26 t.o.m. 30.06.27.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygt og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår. Satsingsområda våre er trygge og inkluderande skulemiljø og lesing i alle fag som grunnleggande ferdigheit.

Arbeidsstad

Søfteland barneskule sin visjon viser tydeleg retning: «Saman skapar vi framtida». Med si opne og inkluderande visjon er skulen eit viktig samlingspunkt i nærmiljøet.
Du kan lese om Søfteland barneskule på nettsida vår: www.soft@no

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på småtrinnet
  • Svømmeopplæring
  • Planlegging, gjennomføring og tilrettelegging for inkludering.
  • Aktiv deltaking i skulen sitt profesjonsfellesskap.
  • Tett samarbeid mellom lærarar, fagarbeidar, leiinga og heim/skule.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
  • I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar

Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Vi ser etter medarbeidarar som:

  • er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
  • er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
  • er framtidsretta innan digital undervisning
  • er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
  • har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega

Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse;Forside SPK.no - Statens Pensjonskasse

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønsker eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjeraast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson

Line Marie Aarbakke, rektor, tlf. 945 22 176,lmaa@bjornafjorden.kommune.no

Link til søknadsskjema:

Søk her

Kontaktperson for stillingen

Rektor Line Marie Aarbakke+47 945 22 176Kopier telefonnummerlmaa@bjornafjorden.kommune.noKopier e-postadresse

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Krav

  • Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.
  • Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø.
  • Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Vi ser etter medarbeidarar som er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell.
  • Vi ser etter medarbeidarar som er framtidsretta innan digital undervisning.

Ferdigheter

undervisningsvømmeopplæringplanleggingtilrettelegging for inkluderingsamarbeidpedagogisk utviklingsarbeiddigital undervisningrelasjonsbygging

Erfaring

mid-level

Lignende jobber