Sign in to auto-apply
Job Description
Sjukepleiarstudent på 1. året?
Då er dette ein smart måte å starte karrieren på. Hos oss får du 20 000 kr i stipend, jobb ved sida av studiet og erfaring frå sjukehus medan du framleis studerer. Du blir del av eit fagmiljø, får opplæring og kjem tett på pasientane i ein trygg ramme.
Du jobbar helger og 5 veker i sommarferien, og vi prøver å tilpasse turnusen til studiekvardagen din. Vel fagområde du er nysgjerrig på – medisin, kirurgi eller psykisk helsevern.
Kva går jobben ut på?
Hos oss får du mellom anna:
- Ta del i den daglege behandlinga og pleia – og vere tett på pasientane.
- Bli ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider om pasientane kvar dag.
Kvifor skal du velje oss?
- Lønn, stipend og praksis i ett.
- Verdifull erfaring.
- Tilhørighet i eit fagleg miljø.
- Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag.
Requirements
- Du må vere 1. års sjukepleiarstudent.
- Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må kunne jobbe helger og 5 veker i sommarferien.
Skills
PasientbehandlingPleie og omsorgTverrfagleg samarbeidKommunikasjonSjølvstendig arbeid
Salary
20 000 kr i stipend
Experience
entry-level