Spanande stilling ledig som avdeligsleiar på ungdomssteget ved Enge skule!
Etne kommune Enge skule
Strondavegen 21, 5590 Etne
Sign in to auto-apply
Job Description
Spanande stilling ledig som avdelingsleiar på ungdomssteget ved Enge skule!
Enge skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar for ungdomssteget, der leiarressursen utgjer 80% medan 20% er undervisning. Me søkjer etter ein avdelingsleiar som arbeidar godt både sjølvstendig og som ein del av leiarteamet på Enge skule. Leiarteamet på Enge skule består av rektor og tre avdelingsleiarar.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar på ungdomssteget
- Pedagogisk leiing
- Eksamensansvarleg
- Leie utviklingsarbeid saman med resten av leiarteamet på skulen
- Ansvar for sakshandsaming knytt til individuelt tilrettelagt opplæring
- Ansvar for fag- og timefordeling samt timeplanlegging saman med resten av leiarteamet
- Ansvarleg for delegerte oppgåver frå einingsleiar
Me tilbyr
Ein spanande stilling i eit arbeidsmiljø av hyggelege, engasjerte og utviklingsorienterte kollegaer. Å få vere med å utvikle prosjektet grenser + forventningar = god oppvekst. Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Requirements
- Du må ha godkjent fagleg og pedagogisk utdanning.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå ungdomsskule.
- Du bør ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Det er ein fordel med utdanning i skuleleiing og leiarerfaring frå skule.
- Du må ha høg arbeidskapasitet med god gjennomføringsevne.
- Du må vere trygg og evne å stå i vanskelege saker.
Skills
Pedagogisk leiingPersonalansvarTimeplanleggingUtviklingsarbeidSakshandsamingSamarbeidsevner
Experience
mid-level