Sign in to auto-apply
Job Description
Jurist
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk jurist som vil bidra til god sakshandsaming og rettstryggleik i helse- og omsorgstenestene våre. Stillinga er midlertidig og varer eitt år, men det kan verte mogleg med fast tilsetting.
Kommunane på søre Sunnmøre er i ferd med å etablere felles forvaltningskontor, og du vil få ei sentral rolle i dette samarbeidet. Som jurist i forvaltningskontoret vil du vere delaktig i den operative sakshandsaminga, i særskilt krevjande saker, og gi råd og rettleiing både internt og eksternt.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming hovudsakleg etter helse- og omsorgstenestelova.
- Handsaming av klager som skal sendast til Statsforvaltaren.
- Juridisk rådgjeving for kommunene på søre Sunnmøre i 2026 i samsvar med tilskotmidlar frå Statsforvaltaren.
- Opplæring og rettleiing av tilsette.
- Koordinere arbeidet med felles tenesteskildring for kommunene på søre Sunnmøre.
- Kvalitetssikre enkeltvedtak, internkontroll og kvalitetsutvikling.
- Bidra i utvikling av rutinar og prosedyrar for god forvaltningspraksis.
Requirements
- Du må ha juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
- Det er ein fordel med god kjennskap til helserett og forvaltningsrett.
- Erfaring frå offentleg forvaltning vert rekna som ein fordel.
- Du må ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og vere løysningsorientert.
Skills
SakshandsamingHelserettForvaltningsrettJuridisk rådgjevingKvalitetssikringDigital kompetanse
Experience
mid-level