Autosøk

Vi aukar grunnbemanninga og søkjer fleire sjukepleiarar og helsefagarbeidarar!

Kommunalområde helse, Sykkylven kommune

Haugneset 16, 6230 Sykkylven

Job Description

Vi aukar grunnbemanninga og søkjer fleire sjukepleiarar og helsefagarbeidarar!

Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, god struktur og eit arbeidsmiljø der vi løftar kvarandre? Vi styrkjer laget vårt og har no ledige faste stillingar ved Sykkylven bu og aktivitetssenter (BUAS).

Stillingane:

  • 2 x 100 % fast stilling som sjukepleiar (sone 2)
  • 2 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar (sone 2 og institusjon demens)

Stillingane inneber arbeid i turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi ber om at du presiserer i søknaden kva avdeling du søkjer på.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge, prioritere og gje god pleie til pasientar.
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis.
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid.
  • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande.

Vi tilbyr:

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.

Requirements

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar.
  • Du må beherske dei vanlegaste IKT-verktøya.
  • Du må ha norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne arbeide i turnus med arbeid kvar tredje helg.
  • Ved tilsetting må du kunne framvise tilfredsstillande politiattest samt MRSA og TBC eigenerklæringar.

Skills

SjukepleieHelsefagleg oppfølgingTurnusarbeidTverrfagleg samarbeidIKT-verktøyPasientbehandling

Experience

mid-level

Similar Jobs