100 % fast stillling som sjukepleiar i Heimetenesta
og livet ut!
Familie- og Omsorgssenteret, Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Sign in to auto-apply
Job Description
Om stillinga
Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig fast 100% sjukepleiarstilling frå 1. september 2026 evt. etter avtale. Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Hos oss har me høg fagleg dekning, slik at ein aldri er aleine sjukepleiar på vakt. Ein jobbar og saman med dyktige helsefagarbeidarar og assistentar på alle vakter.
Me tilbyr langvakter med arbeid kvar 4. helg. På langvakter har du pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
- Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
- Sjukepleiefaglege prosedyrer
- Primærkontaktansvar
- Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Veiledning av studentar i avdelinga
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Tariffløn
- God opplæring
- Eit godt fagleg miljø og moglegheit for utvikling
- Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad
- Offentleg tenestepensjon gjennom KLP
Requirements
- Du må ha bachelorgrad i sjukepleie og oppgje HPR-nummer i søknaden.
- Du må meistre vanlege IKT-verktøy for dokumentasjon.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskferdigheiter gjennom bestått B2-test.
Skills
SjukepleieDokumentasjonLegemiddelhandteringPårørandesamarbeidKvalitetssikringVeiledning
Experience
mid-level,junior,entry-level,senior,lead,executive,job_category: