Bioingeniør
Vil du jobbe som bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Sign in to auto-apply
Job Description
Bioingeniør
Vil du jobbe som bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra? Som bioingeniør ved Laboratoriet i Odda er du tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.
Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år.
Odda byr på trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld.
Kva går jobben ut på?
- Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Blodprøvetaking
- Tapping og produksjon av blod
- Enkle mikrobiologiske analysar
- Delta i vaktordning
Kvifor skal du velje oss?
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Hjelp til bolig
- Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder
Requirements
- Du må ha norsk autorisasjon som bioingeniør.
- Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Du må kunne jobbe nøyaktig og ha blikk for kvalitet også i travle periodar.
- Du må ta initiativ og ha gjennomføringsevne for forbetringsarbeid.
- Du må kunne kommunisere tydeleg og samarbeide godt på tvers av fag og roller.
Skills
Experience
junior