Sign in to auto-apply
Job Description
Om stillinga
Me er på jakt etter vernepleiar eller sjukepleiar som vil bli ein viktig del av arbeidsmiljøet me har i Hannesvegen bustader. Hos oss vil du ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga.
Du trivst med å arbeida strukturert og variert, og du er løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og motiverast av å oppnå resultat gjennom samarbeid med andre. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass!
Arbeidsoppgåver
- Primærkontaktansvar, koordinering og oppfølging av tenestemottakarar
- Oppfølging av vedtak etter kapittel 9, dokumentasjon og evaluering
- Medisinsk-fagleg ansvar, observasjon og legemiddelhandtering
- Samarbeid med lege, spesialisthelseteneste og pårørande
- Praktisk bistand og målretta miljøarbeid som skapar tryggleik og struktur
- Utarbeiding, implementering og evaluering av tiltaksplanar
- Fagutvikling, systemarbeid og rettleiing av kollegaer
Vi tilbyr
- Ein dynamisk og spanande arbeidskvardag med eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø
- 50 000 i rekrutteringstilskot mot signert bindingsavtale i 2 år for eksterne søkjarar
- Løn i samsvar med dokumentert ansiennitet: 522 600 - 614 400
- 9000 over tariff for vernepleiarar og 10 000 over tariff for sjukepleiarar
- Gratis parkering
- Årsturnus med hovudvekt av langvakter og arbeid 4. kvar helg
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Requirements
- Du må ha autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande minimum nivå B2.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha grunnleggjande IKT-ferdigheiter.
- Du må kunne leggje fram politiattest før tiltreding.
Skills
MiljøarbeidLegemiddelhandteringDokumentasjon og evalueringTverrfagleg samarbeidVeiledningStrukturert arbeidsmetodikkKapittel 9-kompetanse
Salary
522 600 - 614 400 NOK
Experience
mid-level