Sign in to auto-apply
Job Description
Fastlege vikariat
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Vi søkjer no ein engasjert fastlege til eit vikariat på legekontoret på Hovden. Stillinga er ledig frå 01.09.2026 og varer til 31.08.2027, men vi er fleksible på både start- og stoppdato.
Arbeidsoppgåver
- Varierande allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevakt.
- Moglegheit for beredskapslegevakt og bakvakt for LIS1.
- Spennande akuttmedisinske problemstillingar knytt til skadehandtering og liknande.
- Utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av eigne listepasientar.
- Koordinere helsetilbodet til pasientane opp mot andre tenester i primær- og spesialisthelsetenesta.
Vi tilbyr
- Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar.
- Hektisk, spennande og utfordrande fastlege- og legevaktjobb.
- Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget».
- Flott natur med gode friluftsmoglegheiter.
- Vi er behjelpelig med å skaffe bustad.
Requirements
- Du må ha norsk autorisasjon som lege.
- Du må ha fullført norsk turnus (LIS1).
- Du må ha god framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Søkjare som er kvalifisert til sjølvstendig legevakter vil verte føretrekte.
Skills
AllmennmedisinAkuttmedisinDiagnostiseringPasientoppfølgingLegevaktarbeidDigital kompetanse
Experience
mid-level