Sign in to auto-apply
Job Description
Journalist
Jærbladet søkjer etter ein nyheitsjournalist til eit årsvikariat.
Vi søkjer ein journalist som er initiativrik, trivst med eit høgt tempo og både kan laga dei raske nyheitssakene og gå meir i djupna. I Jærbladet får du ein variert arbeidskvardag, og hos oss får du jobba med eit viktig samfunnsoppdrag.
Det er ein fordel om du har jobba som journalist tidlegare og har journalistutdanning. Du må ha førarkort.
I tillegg til gode kollegaer lokalt vil du få glede av at heile Amedia-nettverket kontinuerleg deler kunnskap om innhaldsutvikling og god journalistikk.
Frilansarar og tilkallingsvikarar
Ønskjer du eit mindre engasjement, har Jærbladet også behov for tilkallingsvikarar og frilansarar.
Om Jærbladet
Jærbladet er lokalavisa for Time, Klepp og Hå, med eit nedslagsfelt på vel 60 000 menneske. Jærbladet er ein del av Amedia, landets største utgjevar av lokale medium.
Requirements
- Du må ha journalistutdanning eller relevant erfaring som journalist.
- Du må inneha førarkort for bil.
- Du må vere initiativrik og trivast med eit høgt arbeidstempo.
- Du må kunne handtere både raske nyheitssaker og grundigare journalistisk arbeid.
Skills
Experience
mid-level