Autosøk

Assisterande seksjonsleiar ved Nasjonalt brannskadesenter

Unknown Company

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Job Description

Assisterande seksjonsleiar ved Nasjonalt brannskadesenter

Nasjonalt brannskadesenter ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig 100% fast stilling som assisterande seksjonsleiar. Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta og behandlar kvart år 150-200 pasientar frå heile landet med alvorlege brannskadar.

Arbeidsoppgåver

  • Vere vikar for seksjonsleiar.
  • Ha delansvar for den daglege drifta.
  • Turnus- og bemanningsplanlegging.
  • Vere delaktig i fag og utvikling.
  • Personaladministrative oppgåver (Personalportalen, GAT, permisjonar etc.).
  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar.

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å opparbeide seg unik kompetanse.
  • Spennande arbeidsstad med høgt fagleg nivå.
  • Triveleg og godt arbeidsmiljø.
  • Fagleg og personleg utvikling.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må ha erfaring frå sjukehus.
  • Du må ha gode språkkunnskapar i norsk, og ikkje-nordiske statsborgarar må dokumentere ferdigheiter på minimum B2/NOR-U3-nivå.
  • Du må kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest.
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning innan intensiv- eller anestesisjukepleie.
  • Det er ønskeleg med leiarutdanning og kompetanse på GAT.

Skills

SjukepleieIntensivsjukepleieTurnusplanleggingRessursstyringLeiarerfaringGATKommunikasjon

Experience

mid-level

Similar Jobs