Sign in to auto-apply
Job Description
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger har vi ledig 3 faste fagkonsulentstillingar i 100 %. Vi utvidar og etablerar eit team i Haugesund som skal dekke senterets heimebaserte tenester i Fonnaområdet. Kvar dag arbeider vi for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1.
- Utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen, foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel.
- Ansvar for dokumentasjon og rapportar i saker.
- Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid.
- Arbeide i team og samarbeide med tilsette i eit sterkt fagmiljø.
- Rettleiing av foreldre og vitneførsel i nemnd og rettsinstansar.
Kva får du hos oss?
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ med gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, gode moglegheiter for fagleg utvikling, varierte arbeidsoppgåver og moglegheit for trening i arbeidstida.
Requirements
- Du må ha 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Du må ha relevant vidareutdanning (minimum 30 studiepoeng) i kombinasjon med erfaring frå barnevernfagleg arbeid.
- Du må ha erfaring frå barnevernfagleg arbeid, inkludert arbeid med sped- og småbarn.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne samt god vurderingsevne.
- Du må ha førarkort klasse B.
Skills
Barnevernsfagleg arbeidUtgreiing og kartleggingRettleiingSamspelobservasjonDokumentasjon og rapportskrivingTverrfagleg samarbeidUtviklingspsykologi
Salary
520 000 - 700 000 NOK
Experience
mid-level