Sign in to auto-apply
Job Description
Vil du vere med og forme Alver for framtida?
I Alver kommune trur vi på utvikling gjennom samarbeid, tydelege val og vilje til å sjå moglegheiter. No søkjer vi ein plan- og utviklingssjef som vil vere med og setje retning for korleis kommunen vår skal utvikle seg vidare.
Du får leie eit fagleg sterkt tenesteområde og ha ei nøkkelrolle i planarbeidet. Stillinga har ansvar for både private og offentlege planar, og er sentral i utviklinga av Alver som ein attraktiv kommune for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Dette er ei stilling for deg som trivst med ansvar, relasjonar og komplekse spørsmål.
Dette skal du jobbe med
Som plan- og utviklingssjef får du ein sentral posisjon i samfunnsutviklinga i Alver. Du har det overordna ansvaret for tenesteområdet og skal sikre kvalitet og berekraftig framdrift.
Hovudoppgåver:
- Leie og vidareutvikle tenesteområdet for plan og utvikling.
- Ha overordna ansvar for planarbeidet og sikre gode prosessar i arbeid med private og offentlege planar.
- Vera ein sentral fagleg og strategisk rådgjevar for leiinga og politisk nivå.
- Leggje til rette for god dialog med næringsliv, innbyggjarar, politikarar og utbyggjarar.
- Bidra til heilskaplege vurderingar der samfunnsutvikling, arealbruk, berekraft og tenesteutvikling heng godt saman.
Requirements
- Du må ha relevant høgare utdanning innan samfunnsplanlegging, arealplanlegging, arkitektur, juridiske fag eller andre relevante område.
- Du må ha erfaring frå planarbeid og god forståing for offentleg forvaltning og samspelet mellom fag og politikk.
- Du må ha dokumentert leiarerfaring, minimum på teamleiarnivå, fortrinnsvis frå offentleg forvaltning.
- Du må ha evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar og fagmiljø.
- Du må kunne kommunisere trygt og tydeleg, byggje relasjonar og skape tillit både internt og eksternt.
- Du må vere løysingsorientert med solid gjennomføringsevne i komplekse saker.
Skills
Experience
senior