Autosøk

Stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps

Om prosjektet:

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Job Description

Stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stlling som stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps: developing online music communities to support Sámi adolescent cultural resilience, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Bergen.

Om prosjektet

Forskingsprosjektet Singing maps er eit 4-årig (2025-2029) forskingsprosjekt finansiert av Forskningsrådet som skal bygge kunnskap om og utvide deltaking av samiske ungdommar i samiske musikalske tradisjonar. Singing Maps undersøker sentrale spørsmål rundt kulturell berekraft og urfolks resiliens som tradisjon og fornying, eigarskap og ansvar, og kulturell identitet i samisk kontekst.

Om stillinga

Stipendiatstillinga vil vere knytt til Singing Maps-prosjektet med ei musikkpedagogisk forskingsinnretting, og vil særskilt koplast til forsking på Sámiske vokale tradisjonar og kandidaten si eiga kunstnarleg verksemd og identitet. Stipendiaten vil leie ein sjølvstendig forskingsstudie som brukar kunstnarleg utviklingsarbeid/autoetnografiske metodar.

Ansvars- og arbeidsområde

  • Gjennomføre eige ph.d.-prosjekt innan ei tidsramme på 3 år.
  • Gjennomføre obligatorisk del i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar».
  • Delta i stipendiatforumet ved FLKI og bidra aktivt i forskargruppa Singing Maps.
  • Samarbeide med teamet for å utvikle vitskaplege publikasjonar, seminar, konferansepresentasjonar og pedagogisk/digitalt arkivmateriale.

Requirements

  • Søkjar må ha mastergrad i musikkutøving, musikkpedagogikk eller anna relevant fagområde som etnomusikologi, musikkvitskap, undervisningsvitskap eller pedagogikk.
  • Kandidaten skal leie ein etablert kunstnarleg praksis med tilknyting til samisk musikk.
  • Flytande munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk er eit krav for stillinga.
  • Søkjar må legge ved ei prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode.
  • Stipendiatar må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved HVL.

Skills

MusikkpedagogikkSamisk musikktradisjonKunstnarleg utviklingsarbeidAutoetnografisk metodeAkademisk skrivingForsking og analyse

Experience

junior

Similar Jobs