Autosøk

Dagleg leiar

Oppdraget ditt er å:

Sjøgata 4, 6770 Nordfjordeid

Job Description

Om stillinga

ØkoRåd Fjord AS er eit spennande miljø som driv med rekneskap, rådgjeving og utvikling for kundane våre. Vi har eit sterkt og positivt fagmiljø med rundt 30 dyktige medarbeidarar, og har kontor i Valldal, Ulsteinvik, Grodås, Stryn, Nordfjordeid og Sandane. Vi har vore i sterk vekst og omstilling i seinare tid, og ønskjer no ein driftig og engasjert leiar som vil ta styringa over eit framtidsretta rådgjevings- og rekneskapskontor.

Oppdraget ditt er å:

  • Skape framleis god drift i ein organisasjon og bransje i rask endring.
  • Lyfte blikket og setje ei tydeleg retning for vidare utvikling.
  • Følgje med på teknologiske trendar innan bransjen og sjå kva moglegheiter det kan gje.
  • Drive utvikling og identifisere kvar digitalisering kan nyttast – til det beste for selskapet og kundane.
  • Bidra til å byggje ein kultur der folk trivst, presterer og ønskjer å utvikle seg.
  • Vere tett på folk, kundar og samarbeidspartnarar, og gjennomføre avgjerder.
  • Sjå menneska og halde fram med arbeidet med å byggje ein god kultur og struktur.

Rammer:

  • Personalansvar for ca. 30 medarbeidarar.
  • Arbeidsstad Nordfjord/Sunnmøre.
  • Tett samarbeid med styret.
  • Lønn etter avtale og kvalifikasjonar.
  • Gode pensjonsordningar.

Requirements

  • Du har leiarerfaring og har stått i utviklings- og omstillingsprosjekt før.
  • Du har gjerne erfaring frå rekneskaps- eller rådgjevingsbransjen.
  • Du evnar å kombinere menneskeforståing og gjennomføring.
  • Du er trygg nok til å vere tydeleg, og klok nok til å lytte.
  • Du har god innsikt i økonomi, marknad og leiing av kompetanseverksemder.

Skills

LeiarerfaringOmstillingsleiingStrategisk utviklingDigitaliseringMenneskeforståingØkonomiforståingKompetanseleiing

Salary

Etter avtale

Experience

senior

Similar Jobs