Job Description
Ungdomsarbeidar 20-30% i kristent arbeid på Lye Forsamlingshus
Liker du å jobba med ungdom? På ungdomsarbeidet vårt, Varden, kjem det mellom 20 og 60 ungdommar annankvar fredag på Lye forsamlingshus. Time sokneråd søker etter ny ungdomsarbeidar som kan leie dette arbeidet vidare.
Stillinga kan kombinerast med studier eller anna arbeid.
Arbeidsoppgaver
- Å leia Varden ungdomsarbeid annankvar fredag.
- Vera med og skapa eit godt miljø for ungdom på Lye forsamlingshus, der ungdommar kan veksa i tru og finna si teneste.
- Legga til rette for undervisning, lovsong, bøn og aktivitetar for dei unge.
- Rekruttera, utrusta og vegleia frivillige medarbeidarar.
- Gje ungdommane ansvar og leiartrening.
- Å delta som ein av fleire leiarar i konfirmantarbeidet.
- Samarbeida med andre ungdomsarbeidarar i kyrkjene i Time kommune der det er naturleg.
Vi tilbyr
- Ei interessant og utfordrande stilling.
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer.
- Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor.
Requirements
- Du bør ha utdanning innan barne- og ungdomsarbeid, eller relevant erfaring som kan kompensera for dette.
- Du må ha god kjennskap til kristen tru og erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid.
- Du må vera kreativ, nytenkande og ha evne til å jobba sjølvstendig.
- Du må ha gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med ungdom.
- Du må vera strukturert med evne til å planlegga langsiktig.
Skills
UngdomsarbeidRelasjonsbyggingPlanleggingKommunikasjonFormidlingFrivillig oppfølging
Experience
junior