Autosøk

Systemutvikler

FINN-kode

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Job Description

Systemutvikler

Helse Vest IKT utviklar mange spennande løysingar for helsepersonell og pasientar ved sjukehusa på Vestlandet. Vi er stolte av å levere 100% samfunnsnyttige system med god kvalitet. Vi deltek i mange og varierte utviklingsaktivitetar, frå innovasjonsprosjekt til større løysingar for å automatisere og effektivisere i sjukehusa.

Avdelinga består av omlag 60 høgt kvalifiserte systemutviklarar, arkitektar og UX-designarar fordelt på ti team. Vi utgjer eit sterkt og kompetent miljø som er opptekne av å utvikle løysingar for framtidas helsetenester.

Arbeidsoppgåver

Utvikling i vår utviklingsplattform som består av Microsoft.NET (C#, ASP.NET, Entity Framework, MVC, SQL) og Angular (TypeScript, JavaScript, CSS). Vi køyrer på ein hybrid plattform med tenester både i Azure og on premise.

Vi tilbyr

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Engasjerte kollegaer
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Requirements

  • Du har relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
  • Du har erfaring med utvikling innen frontend, backend eller fullstack.
  • Du har gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk.
  • Du har gode logiske og analytiske evner og jobbar strukturert.
  • Du har forståing for at tryggleik, nettverk og infrastruktur er essensielt.

Skills

C#ASP.NETAngularTypeScriptSQLAzureProgramvarearkitekturSmidig metodikk

Experience

mid-level

Similar Jobs