Sign in to auto-apply
Job Description
Vi har ledig:
100% vikariat frå 01.08.-31.12.2026
50% vikariat frå 01.08.-31.12.2026
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2025-26 vil skulen ha om lag 300 elevar. «Saman om læring» summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.
Arbeidsoppgåver
Som fagarbeidar på Nore Neset barneskule skal du være til støtte i undervisninga for enkeltelevar og elevgrupper. Du skal samarbeide tett med dei andre tilsette på skulen, og bidra til å skape ein vi-kultur rundt arbeidet med elevane og dei føresette. Stillingane blir både i skulen og på SFO, inkludert ferieopen SFO.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Requirements
- Du må ha fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning.
- Ufaglærte med interesse for arbeid med barn og unge vert også oppmoda til å søkje.
- Du må kunne leggje fram politiattest i tråd med opplæringslova.
- Du må vere ein trygg og raus person som møter alle barn med respekt og varme.
- Du må vere førebudd på ein hektisk arbeidskvardag med meiningsfylte arbeidsoppgåver.
Skills
Experience
entry-level