Autosøk

Sjukepleiar-100% fast

Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune

Setali 6A, 3864 Rauland

Job Description

Sjukepleiar-100% fast

Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ein aktiv og innhaldsrik fritid? I Heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar, byggjer relasjonar og får bruke heile breidda av sjukepleiarfaget.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiarfagleg oppfølging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta
  • Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen
  • Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
  • Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta
  • Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet
  • Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, elevar og studentar ved behov

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde
  • God opplæring og tett fagleg oppfølging
  • Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling, kurs og kompetanseheving
  • Gode lønnsvilkår med lokal stige og gode forsikrings- og pensjonsordning

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Erfaring frå pleie- og omsorgstenesta er ein fordel.
  • Du må kunne arbeide strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.

Skills

SjukepleieKliniske vurderingarMedikamenthandteringDokumentasjonTverrfagleg samarbeidRettleiing

Experience

junior

Similar Jobs