Autosøk

Prosjektstilling – nærings- og samfunnsutvikling

Om rolla:

Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra

Job Description

Vil du vere med å drive utvikling i Gulen og Masfjorden?

Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU) arbeider for å skape vekst, utvikling og samarbeid i regionen. Vi jobbar i skjæringspunktet mellom kommunar, næringsliv og lokalsamfunn, og tek initiativ til prosjekt og satsingar som bidreg til verdiskaping, attraktivitet og framtidig utvikling.

No søkjer vi ein ny kollega som vil vere med å utvikle, leie og gjennomføre prosjekt saman med kommunar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar. Hos oss får du høve til å påverke utviklinga i regionen og arbeide med prosjekt som betyr noko for både næringsliv, lokalsamfunn og kommunar.

Arbeidskvardagen din kan mellom anna bestå av å:

  • Utvikle, leie og følgje opp prosjekt frå idé til gjennomføring.
  • Arbeide med attraktivitet, profilering og synleggjering av regionen.
  • Byggje nettverk og skape samarbeid mellom næringsliv, kommunar og andre aktørar.
  • Identifisere og utvikle nye satsingar innan nærings- og samfunnsutvikling.
  • Omsetje idéar til aktivitet og resultat.

Requirements

  • Du har erfaring med å utvikle, leie eller gjennomføre prosjekt.
  • Du må kunne ta ansvar for framdrift, koordinering og gjennomføring av prosjekt.
  • Du må trivast med samarbeid på tvers av kommunar, næringsliv og andre aktørar.
  • Relevant høgare utdanning er ønskjeleg, men erfaring og dokumenterte resultat kan vege opp for formell utdanning.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må ha gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner, fortrinnsvis på nynorsk.

Skills

ProsjektleiingNettverksbyggingSamfunnsutviklingKommunikasjonMarknadsføringStrategisk planlegging

Experience

mid-level

Similar Jobs