Sign in to auto-apply
Job Description
Barne- og ungdomsbibliotekar
Stad kommune har ledig 100 % fast stilling med oppstart hausten 2026. Vi leitar etter deg som er ein engasjert og utviklingsorientert formidlar, og som ivrar for å skape leselyst og leseglede blant born og unge!
Arbeidsoppgåver
- Inngå i den daglege drifta av biblioteket og dei bibliotekfaglege tenestene, inkludert skranketurnus, publikumsarbeid og litteraturformidling.
- Ha eit særleg ansvar for formidling og samlingsutvikling retta mot born og unge 0-19 år, både på og utanfor biblioteket.
- Ha ei sentral rolle i Stad kommune si satsing på skulebibliotek, som rettleiar og ressursperson, i tett samarbeid med skulesektoren.
- Besøkje skular, skulebibliotek og barnehagar jamleg.
- Skape leselyst og leseglede gjennom formidling, arrangement og utstillingar.
- Bidra til å gjere biblioteket til ein trygg og god møteplass.
Vi tilbyr
- Eit bibliotek i utvikling.
- Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule.
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Requirements
- Du må ha bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap, eller tilsvarande relevant utdanning innan litteratur, språk eller pedagogikk.
- Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Du må ha førerkort klasse B.
- Du må ha gode IT-kunnskapar.
- Du må ha god kjennskap til og interesse for barne- og ungdomslitteratur.
Skills
LitteraturformidlingSamlingsutviklingPedagogikkArrangementsavviklingSosiale medium og marknadsføringIT-kunnskaparKommunikasjon
Salary
Løn etter tariff
Experience
mid-level