This job posting has expired
Sign in to auto-apply
Job Description
Hos Nortura Førde treng vi ekstra folk i ein travel og viktig sesong.
Dette kan vere ei fin moglegheit for deg som vil prøve noko nytt, få arbeidserfaring og bidra til norsk matproduksjon.
Kva går jobben ut på?
Frå slutten av august til rundt 1. november har Nortura Førde ein av årets mest hektiske periodar. I løpet av sesongen skal vi ta imot og handtere store mengder sau og lam, og vi treng fleire medarbeidarar som kan bidra der det trengst.
Arbeidsoppgåvene kan vere innan slakteområde, fjøs, skjering, pakking, salgshall, logistikk eller andre delar av produksjonen. Du treng ikkje å ha gjort dette før – vi gir deg opplæringa du treng for å kome trygt i gang.
Dette får du hos oss:
- Ein praktisk og aktiv jobb i ein viktig del av norsk matproduksjon
- Full opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- God arbeidserfaring du kan bruke vidare
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med høgt tempo og godt samhald
- Tariffløn
- Tilgang til kantine, medlemsbutikk og trimrom
Requirements
- Du må vere over 18 år.
- Du må vere presis og til å stole på.
- Du må trivast med fysisk arbeid og like å ta i eit tak.
- Du må kunne samarbeide godt med andre.
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må vere positiv, nysgjerrig og klar for å lære.
Skills
Fysisk arbeidSamarbeidsevnerNorsk språkProduksjonsarbeidLogistikkforståing
Experience
entry-level