Autosøk

Dommar

FINN-kode

Akersgata 45, 0158 Oslo

Job Description

Om Arbeidsretten

Arbeidsretten er ein særdomstol med sete i Oslo og med heile landet som verkeområde. Domstolen er, saman med Riksmeklaren, ein del av systemet for tvisteløysing i det kollektive arbeidslivet. Administrativt er domstolen underlagd Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Domstolen er tillagd dømmande oppgåver etter arbeidstvistlova og tenestetvistlova. Arbeidsretten behandlar tvistar mellom organisasjonar i arbeidslivet om gyldigheit og tolking av tariffavtalar, og tvistar om krav som bygger på tariffavtale. Vidare blir det behandla tvistar der det ligg føre brot på tariffavtalar eller lovgivinga sine føresegner om fredsplikt.

Arbeidsrettens dommar blir fullbyrda etter dei reglane som gjeld for høgsterettsdommar. Det inneber at Arbeidsretten normalt er første og siste instans innanfor domsmyndigheita til domstolen.

Om stillinga

Stillinga som dommar i Arbeidsretten er ledig frå 1. januar 2027. Hovudinnhaldet i dommarstillinga er ordinære dommaroppgåver, mellom anna saksførebuing i tildelte saker, domsskriving og deltaking i hovudforhandlingar og andre rettsmøte. Du vil også bli tillagd andre juridiske og administrative oppgåver innanfor føremålet og verkeområdet til domstolen.

Requirements

  • Du må ha høg juridisk kompetanse og oppfylle kvalifikasjonskrava som går fram av arbeidstvistlova § 36.
  • Det er ønskeleg med dommarerfaring.
  • Vi legg til grunn at du har kjennskap til Arbeidsrettens arbeidsfelt.
  • Tidlegare relevant praksis vil bli vektlagd.

Skills

Juridisk metodeSaksførebuingDomsskrivingRettsforhandlingarArbeidsrett

Salary

1 557 600 kr

Experience

senior

Similar Jobs