Autosøk

Miljøterapeut

Avdeling Haram bustader 1, Haram kommune

Brattvåggata 19, 6270 Brattvåg

Job Description

Butenesta i Haram søkjer miljøterapeut i 2x 100 % fast stilling. Stillinga er for tida plassert ved Haram bustader 1.

Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Turnus er for tida dag- og kveldsvakter, samt langvakter kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå 17. august 2026, eller etter avtale.

Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid.
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Gruppeleiar med primæransvar.
  • Legemiddelhandtering

Requirements

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag.
  • Du må ha erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
  • Du må meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Du bør ha erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel.

Skills

MiljøarbeidLegemiddelhandteringFagutviklingRettleiingDokumentasjonTverrfagleg samarbeidKoordinering

Experience

mid-level

Similar Jobs