Sign in to auto-apply
Job Description
Fast stilling barnehagelærar
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette fordelt på fem basar per idag. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement.
Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull, fagleg engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling/base, i tråd med ramme- og lovverk.
- Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet.
- Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader.
- Løn etter gjeldande tariff.
- God pensjonsordning.
Requirements
- Du må ha utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
- Du må kunne levere ein oppdatert politiattest.
- Du må kunne jobbe i tråd med barnehagelova og Haram kommune sine retningslinjer.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Skills
Pedagogisk leiingBarnehagepedagogikkPlanlegging og dokumentasjonSamarbeidsevnerLøysingsorientertKommunikasjon
Salary
Løn etter gjeldande tariff
Experience
mid-level