Sign in to auto-apply
Job Description
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Ein av våre erfarne medarbeidarar går no av med pensjon, og vi ønskjer derfor å styrkje teamet med ein engasjert hjelpepleiar/helsefagarbeidar som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet i heimetenesta. Vi tilbyr ei fast 100 % stilling i todelt turnus, med arbeid kvar tredje helg.
Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du gode moglegheiter til fagleg utvikling og til å bygge verdifull erfaring i eit variert arbeid. Arbeidet vårt er retta mot å gi brukarane god livskvalitet, styrkje deira eigne ressursar og leggje til rette for at dei kan bu trygt i eigen heim så lenge som mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Utføre oppgåver på ein fagleg forsvarleg måte, i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og prosedyrar.
- Gi heilskapleg pleie og omsorg, inkludert kartlegging, behandling og observasjon, med fokus på brukarmedverknad og kvardagsmeistring.
- Dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande krav og regelverk.
- Nytte velferdsteknologi.
- Delta aktivt i kvalitetsutvikling av tenesta.
Requirements
- Du må vere helsefagarbeidar med norsk autorisasjon eller ha anna relevant helsefagleg utdanning.
- Du må ha kompetanse innan medikamenthandtering.
- Du må meistre bruk av IT i det daglege arbeidet.
- Du må kunne leggje fram ny og gyldig politiattest ved tilsetjing.
- Du må ha førarkort klasse B.
Skills
Helsefagleg pleie og omsorgMedikamenthandteringDokumentasjon og journalføringVelferdsteknologiKvardagsmeistringKommunikasjon og samarbeid
Experience
mid-level