Sign in to auto-apply
Job Description
Teamleiar med fagansvar
Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 75 elevar. Skuleåret 2026 – 2027 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing.
Suldal kommune Helse & Oppvekst, fortida lokasjon Erfjord skule søkjer etter vikar i 80% stilling med oppstart så snart som mogleg. Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Som fagleiar i teamet, vil ditt arbeid vera å koordinera, rettleia og følgja opp medarbeidarar i teamet. Du vil i samarbeid med rektor ha hovudansvar for kommunikasjon med heimen og støtteinstansar kring enkeltelev.
Som teamleiar vil du jobba administrativt deler av tida, men i det ordinære og på dagleg basis også vere del av opplæringsmiljøet.
Arbeidet ditt som team-leiar vil blant anna bestå av:
- Samarbeids-møter med leiinga.
- Rapportere oppover og iverksette vedtak nedover.
- Ha hovudansvar for kommunikasjon med heim og støtte-instansar kring eleven, i samarbeid med rektor.
- Utarbeide tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift.
- Ha ansvaret for å planlegge og lede felles statusmøter med leiing, støtte-instansar og andre deltakarar i laget rundt barnet.
- Ha ansvar for å planlegge og lede jamnlege utviklingsmøter i teamet.
- Modellere og instruere teamet om praktisk handtering i elevmiljø.
- Informere ut, kurse og rettleie øvrig personalgruppe og føresettgrupper etter behov.
Requirements
- Du må ha ein 3-årig bachelor innan helse- og sosialfaglege yrker eller pedagogikk.
- Det er krav om tilleggsutdanning på høgskulenivå innan relevante felt som spesialpedagogikk eller sosial-pedagogikk.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og evne til å bygge relasjonar.
- Det er eit føremon om du har tidlegare leiarerfaring.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Det er krav om godkjend politiattest ved oppstart.
Skills
KoordineringRettleiingRelasjonsbyggingAdministrasjonKommunikasjonSpesialpedagogikkLeiarerfaring
Experience
mid-level