Helsefagarbeidar 100% fast i turnus med hovedvekt av langvakter
FINN-kode
Sentralt på Manger, 5936 Manger
Sign in to auto-apply
Job Description
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert og fagleg dyktig helsefagarbeidarar til fast tilsetjing. Arbeidet går ut på å gje trygg helsehjelp og praktisk bistand etter vedtak, i heimen til menneske med nedsett funksjonsevne.
Stillinga er fast 100 % med arbeid kvar fjerde helg, hovedsakleg langvakter med innslag av nokre ordinære vakter i årsturnus. Her får du eit meiningsfylt arbeid der du blir ein del av ei trivelig og støttande personalgruppe.
Arbeidsoppgåver
- Gje heilskapleg helsehjelp og praktisk bistand tilpassa individuelle vedtak
- Skape tryggleik, struktur og gode dagar gjennom målretta miljøarbeid
- Vere primærkontakt og ha ei sentral rolle i oppfølginga av tenestemottakarar
- Rettleie elevar og lærlingar, og bidra til læring og fagleg utvikling i avdelinga
- Sikre god og presis dokumentasjon i elektronisk journalsystem
- Handtere medikament på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
- Følgje opp vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar for å gi best mogleg oppfølging
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein konkret forskjell i livet til andre!
- Eit godt fagmiljø med oppfølging, rettleiing og støtte i kvardagen
- Nærverande leiing som ser deg og støttar deg i arbeidshandteringa
- Årsturnus med moglegheit for innspel på eiga arbeidstid
- Gratis parkering
- Løn for helsefagarbeidar frå kr 475 300 til kr 551 100, avhengig av lønsansiennitet
- God pensjonsordning i KLP
Requirements
- Du må vere offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.
- Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må kunne handtere krevjande situasjonar med ro og tydelegheit.
- Du må ha evne til etisk og fagleg refleksjon.
Skills
Helsefagleg oppfølgingMiljøarbeidDokumentasjon i journalsystemMedikamenthandteringRelasjonsbyggingTverrfagleg samarbeid
Salary
kr 475 300 - kr 551 100
Experience
mid-level