Autosøk

Direktør

FINN-kode

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Job Description

Det Norske Teatret er nynorskens nasjonalteater i hovudstaden og ein av dei mest sentrale scenekunstinstitusjonane i landet. Sidan 1913 har teateret vore ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og mangfald. Med fire scener i Oslo speler vi for eit breitt og mangfaldig publikum. I 2025 hadde teateret om lag 210 000 besøkande.

No søkjer vi ein direktør som vil vere med og utvikle denne tradisjonen vidare. Teateret skal vere eit djervt, ope og engasjerande teater, med nynorsk som scenespråk og dialektane som ein naturleg del av uttrykket. Språkoppdraget er ein levande del av samfunnsrolla, kunsten og framtida vår.

Direktøren har ei nøkkelrolle i å sikre dei organisatoriske, økonomiske og tekniske rammene for scenekunst på høgt nivå. Du skal leie og utvikle drifta av ein stor og kompleks kulturinstitusjon med 240 tilsette, i tett samarbeid med teatersjefen, leiargruppa, tilsette, tillitsvalde og styret. Teateret har ein toleiarmodell, der teatersjefen er øvste leiar.

Vi søkjer ein trygg, tydeleg og samlande person med leiarerfaring. Det er ein fordel om du har arbeidd med mellom anna økonomistyring, personalleiing, organisasjonsutvikling og samarbeid med tillitsvalde.

Det Norske Teatret er landets største nynorskinstitusjon. Direktøren må difor meistre nynorsk som arbeidsspråk og vere ein pådrivar for at nynorsken har ein sterk og naturleg plass i heile verksemda, og for at tilsette brukar og vidareutviklar språket i tråd med teaterets samfunnsoppdrag.

Den rette kandidaten har god forståing for eigenarten og samfunnsrolla til Det Norske Teatret, og ser korleis kunstnarisk utvikling, publikumsarbeid, organisasjon, teknologi og økonomi heng saman. Du har strategisk kapasitet, god rolleforståing og evne til å representere teateret på ein klok måte, i dag og i framtida. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Requirements

  • Du må ha omfattande leiarerfaring frå komplekse organisasjonar.
  • Du må meistre nynorsk flytande som arbeidsspråk.
  • Du må ha god forståing for økonomistyring og organisasjonsutvikling.
  • Du må ha evne til å samarbeide tett med teatersjef, styre og tillitsvalde.
  • Du må ha strategisk kapasitet og god rolleforståing for kulturinstitusjonar.

Skills

Strategisk leiingØkonomistyringPersonalleiingOrganisasjonsutviklingNynorsk språkkompetanseSamarbeid med tillitsvaldeRolleforståing

Experience

executive

Similar Jobs