Autosøk

Leiar for rekneskap

Kjerneoppgåver i eininga

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Job Description

Leiar for rekneskap

Er du ein leiar som trivst med å vere tett på drifta – og som meistrar balansen mellom det strategiske og det operative? Då kan dette vere jobben for deg!

I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å digitalisere verksemda og utnytte systema våre fullt ut. Vi nyttar Visma Enterprise Plus som ERP-system og Framsikt til budsjett- og rapportering. Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi søkjer no ein operativ og handlekraftig leiar som vil vere til stades i den daglege drifta og sikre framdrift og kvalitet i teamet.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift og leiing av eininga, inkludert medarbeidaroppfølging og kompetanseutvikling.
  • Ansvar for å utarbeide og kvalitetssikre rekneskapen, inkludert utvikling og dokumentasjon av rekneskapsrutinar.
  • Tilby interne kurs og generell opplæring innan rekneskapsområdet.
  • Svare på rekneskapsspørsmål frå organisasjonen.
  • Kontaktperson mot fylkeskommunen sin revisor, bankavtale og inkassoleverandør.

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Løn etter avtale/tariff i kommunal sektor.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fagleg sterkt miljø og ein digital kvardag.

Requirements

  • Høgare økonomisk utdanning på minimum bachelor-nivå.
  • Erfaring frå rekneskapsarbeid i ei stor og kompleks verksemd.
  • Relevant leiarerfaring, gjerne frå ei operativ leiarrolle.
  • God forståing for rekneskapssystem og integrasjon av ulike system.
  • Erfaring med prosjekt- og prosessrelatert arbeid.

Skills

RekneskapERP-system (Visma Enterprise Plus)PersonalansvarBudsjettering og rapporteringProsessutviklingOperativ leiing

Experience

mid-level

Similar Jobs