Teknisk byggeleiar / byggeleiar vegprosjekt – Utbygging Vest
Teknisk byggeleiar / byggeleiar vegprosjekt – Vegbygging Vest
Galteråsen 7c, 5916 Isdalstø
Sign in to auto-apply
Job Description
Teknisk byggeleiar / byggeleiar vegprosjekt – Vegbygging Vest
Vil du vere med og utvikle framtidas fylkesvegar i Nordhordland? Vestland fylkeskommune har ansvar for eit omfattande fylkesvegnett som knyter regionen saman og gir trygg og føreseieleg ferdsel for innbyggjarar og næringsliv.
Til eininga Vegbygging Vest søkjer vi no etter ein teknisk byggeleiar til prosjekt i Nordhordland. I rolla vil du arbeide med utbygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar og andre samferdselsprosjekt i Nordhordland.
Arbeidsoppgåver
Som teknisk byggeleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølging og gjennomføring av utbyggingsprosjekt. Dine viktigaste oppgåver vil vere:
- Utarbeide planar for kvalitetsoppfølging
- Følgje opp kvalitet på anlegga våre
- Ha tett dialog med entreprenør, både munnleg og skriftleg
- Bistå i planleggingsfasen og bidra i utarbeiding av konkurransegrunnlag for nye kontraktar
- Gjennomføre prosjekt sjølvstendig og følgje opp entreprenør i byggefasen
- Følgje opp og rapportere på økonomi, HMS, framdrift og kvalitet i prosjekta
- Sikre god dialog med eksterne samarbeidspartnarar og naboar i prosjekta
Vi tilbyr
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø. Vi tilbyr også gode pensjons- og forsikringsordningar.
Requirements
- Du må ha relevant høgskuleutdanning eller solid relevant erfaring.
- Du må ha erfaring frå anleggs- eller samferdselsprosjekt.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Skills
Experience
mid-level