Autosøk

Ledig vikariat ved Tonstad skule

Sirdal kommune Enhet skule

Tonstadveien 28, 4440 Tonstad

Job Description

Ledig vikariat ved Tonstad skule

Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til elevane? Vi søkjer ein engasjert og dyktig lærar som ønskjer å skape eit trygt, inkluderande og inspirerande læringsmiljø – og som vil vera med på å forme framtidas skule saman med oss.

Det er ledig eit 100% vikariat som lærar på Tonstad skule i perioden 01.10.26 – 31.07.27.

Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring, inkludering og læringsmiljø.

Tonstad skule har flotte og moderne fasilitetar til undervising, både ute og inne, som du kan nytta for å gjera undervisninga di best mogleg.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer lærar til grunnskulen som oppfyller krav om tilsetting og undervisingskompetanse i opplæringslov og forskrift. Fagsamansetjinga bør vera så brei som mogleg, helst med engelsk og norsk. Det er særleg behov for lærar med undervisingskompetanse på mellom- og ungdomstrinnet. Opplæringsmålet er nynorsk og søkjarane må meistra norsk, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som er oppteken av relasjonsbygging, både til elevar, føresette og kollegaer, og som vektlegg å vera ein trygg og tydeleg vaksenperson. Vi treng ein lærar som er ein tydeleg klasseleiar som evner å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø.

Requirements

  • Du må oppfylle krava til tilsetting og undervisningskompetanse i tråd med opplæringslova.
  • Du må meistre norsk, både skriftleg og munnleg, då opplæringsmålet er nynorsk.
  • Du må ha undervisningskompetanse som er relevant for mellom- eller ungdomstrinnet.
  • Du må kunne fungere som ein tydeleg klasseleiar som skaper eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
  • Du må kunne levere godkjend politiattest ved tilsetting.

Skills

RelasjonsbyggingKlasseleieingUndervisningNynorsk kompetanseInkluderande læringsmiljøKommunikasjon

Experience

mid-level

Similar Jobs